Superlab

Superconductivity Laboratory Online

SUPERCOMET-prosjektet har sine røtter i Superlab-prosjektet, hvis hovedmål var å illustrere og forklare superledning på en enkel og forståelig måte. Prosjektideen ble unnfanget av Professor Kristian Fossheim ved Institutt for Fysikk ved Norges Teknisk-Naturvitenskapelige Universitet (NTNU) i Trondheim. Fossheim, som nå er Professor Emeritus, forsker på materialteknologi knyttet til superledning, og deltok også i den offentlige debatten rundt norsk forskningspolitikk i mange år.

Utfordringen (tekst fra prof. Fossheim i 2001)

Eit universitet har tre hovudoppgåver i vårt samfunn: Undervisning, forsking og formidling. Den siste oppgåva blir ofte underprioritert fordi dei to første oppgåvene krev så mykje av dei som arbeider ved universitetet. Men enkelte prøver å ta den siste oppgåva, formidling, på alvor. Professor Kristian Fossheim ved Institutt for Fysikk ved NTNU er blant desse. Han har i ei årrekke teke del i den offentlege debatten omkring forskingspolitikk, og skrive artiklar i tidsskrift og aviser, mynta på det breie lag av folket.

Ny teknologi på det datatekniske området har i dei seinare åra gjort det mogeleg å visualisere usynlege fenomen i Fossheim sitt favorittområde i fysikken, superleiing. Dette faget har aldri før blitt presentert ved slike metodar. Ved bruk av det nye mediet, kan ein skape gode forestillingar om svært kompliserte emner. Men professor Fossheims djupare motivasjon for dette prosjektet er først og fremst å nå ut til ungdom, spesielt i vidaregåande skole, med den bodskapen at vitskap og teknikk er både spennande og fascinerande, og viktig og nyttig.

Kort beskrivelse (tekst fra prof. Fossheim i 2001)

Prosjektet tok til våren 1998 då professor Fossheim fekk ideen til å bruke computer simulering og animasjon til å visualisere superleiarfysikk over internett. I samråd med professor Arne Sølvberg vart det avtala å skape eit studentprosjekt med 6 studentar frå datalinja ved NTNU, og med fysikkstudent Vegard Engstrøm som assistent og mellomledd mellom Fossheim og datastudentane. På basis av skisser frå Fossheim, utvikla studentane animasjonar, og med tekstboksar som inneheldt ein dialog mellom professor og student som det berande prinsipp. I tillegg skreiv Fossheim ei rekke spesialtekstar som kunne klikkast opp på skjermen under studiet av animasjonane.

Studentane presenterte prosjektet som avslutta i november 98, og fekk toppkarakter for arbeidet. Men det var ennå langt igjen før det heilt var fullgodt for internett. Arbeidet heldt fram i 1999 med å utvikle eit veksande arkiv. I februar 2000 skulle verdskonferansen i superleiarfysikk haldast i Houston, Texas. Professor Fossheim vart invitert til å vise Superlab-prosjektet for ein forsamling med bortimot 1000 møtedeltakarar og elevar ved vidaregåande skular i Houston som var henta inn til denne spesielle sesjonen, der også Nobel-prisvinnaren Robert Schrieffer deltok.

Simplicatus AS

Responsen etter denne presentasjonen var så positiv at Fossheim og Engstrøm bestemte seg for å føre det vidare, og selskapet Simplicatus AS vart grunnlagt i mai 2000. Superlab-prosjektet vart så plukka ut av Norsk Fysisk Selskap til presentasjon ved ein europeisk konferanse og festival om fysikkutdanning, "Physics on Stage", i Geneve hausten 2000. Den nåverande versjonen vart ferdig våren 2001 ved oppdrag frå Læringsenteret, og er nå tilgjengeleg for lærarar og elevar over heile Norge gjennom Skolenettet.

SUPERCOMET

Samtidig med Superlab-prosjektet undersøkte Simplicatus andre finansieringsmuligheter for videre utvikling. En slik mulighet kom i november 2000, da Vegard Engstrøm først hørte om Leonardo da Vinci-programmet til EU. Forsøknad om finansiering ble levert i januar 2001, etterfulgt av full søknad i mai 2001. Begge søknadene var vellykkede, og dermed kunne SUPERCOMET-prosjektet begynne i november 2001.

Finansiering

Superlab-prosjektet ble finansiert i to etapper. I 1998 bevilget NTNU sitt formidlingsutvalg prosjektstøtte med NOK 50.000,-. I 2000 bevilget Læringssenteret (tidligere Nasjonalt Læremiddelsenter) prosjektstøtte med NOK 200.000,-.

Superledning på nett

eZ Publish™ copyright © 1999-2016 eZ Systems AS